Loading...
Heim2018-11-13T19:58:05+00:00

KVEN ER ME?

Byggmester Svenn Storum AS er ein byggmeisterbedrift som tilbyr alt innan byggmeistertenester i Bjørnafjorden. Vårt hovudfokus er på kvalitet og fleksible løysingar. Me tilbyr komplette prisar med material og arbeid. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om ditt prosjekt.

Bedrifta er lokalisert i Fusa kommune i Bjørnafjorden. Me har flest oppdrag i Fusa, men tek òg oppdrag i Os, Samnanger og Kvam. Me er ei bedrift i vekst, med breid erfaring innan byggmeistertenester. Me har gradvis ekspandert. I dag har me dyktige tømrarar, fleire byggmeistrar og me satsar på lærlingar.

Byggmeister Svenn C. Storum starta bedrifta i 1994, og dreiv fram til 2007 som eit enkeltpersonføretak. Frå 2007 vart bedrifta omdanna til Byggmester Svenn Storum AS, med Svenn C. Storum som dagleg leiar og eigar.

Byggmester Svenn Storum AS har som målsetjing å levera produkt av høg kvalitet, som er tilpassa den enkelte kunde.

Vår visjon
ALT ER MOGLEG!

TENESTER

  • Nybygg av einebustadar, hytter, naust og lager / produksjonslokale
  • Rehabilitering
  • Tilbygg
  • Etterisolering
  • Terrasser
  • Skifting av tak og kledning
  • Skifting av vindauge
  • Utleige av stillas

Me kan koordinere alle nødvendige faggrupper gjennom planlegging og sjølve gjennomførings-prosessen.

VINDU / GLASS

Me leverer:

  • Vanlege vindu og dører utført i tre
  • Vedlikeholdsfrie vindauge
  • Vindauge utført med solfilm
  • Sjølvrensande vindauge
  • Glassrekkverk
  • Spesialtilpassea vindauge og dører

Me leverer vindauge direkte frå ein av landets leiande produsentar av vindauge, dører og fasadeelement. Be gjerne om eit tilbod. Me tilbyr gratis befaring! Ta kontakt for meir informasjon, eller sjå Nordvestvinduet.

STILLASUTLEIGE

Skal du måle huset? Eller treng stillas til eit anna prosjekt? Me transporterer og monterer stillas klar til bruk. Når du er ferdig med prosjektet, demonterer og henter me stillaset.

Ta gjerne kontakt for eit pristilbod!

VÅR KVARDAG

Sjå utvalde bilete frå kvardagen vår, og våre prosjekt, gjennom Instagram.

KONTAKT OSS

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om ditt prosjekt.

Telefon
95 15 63 27

E-post
storum@fusi.no

Adresse
Ågotestølen 9
5641 Fusa

Organisasjonsnummer
991 104 038